Besøk også: Hjartdal historielag Reisjå og Bondal utmarkslag Tuddal bygdetun Hjartdal kommune

Velkommen til

Åpne dagar sommaren 2011: 

Lørdag 23/7 og søndag 24/7 
Kl 11,00 til 16,00
 

Bondal er ei fjellgrend i Tuddal i Aust-Telemark. Grenda ligg lengst nord i Hjartdal kommune, mellom Gaustafjella og vide skog- og fjellområde mot Møsvatn og Hardangervidda.
Grenda grensar til landskapsvernområdet Brattefjell-Vindeggen, og heile Bondal har så særprega landskap og velhalden bygningsarv, at grenda har blitt del av eit kulturlandskapsprosjekt av nasjonal og internasjonal interesse.

Kva er Bondal bygdetun?

På Suigard i Nord-Bondal har Øystein H.Bondal ei eineståande samling av ting som er bruka på fjellgarden gjennom mange generasjonar. 1999 fekk han mura opp eit eige bygg til gardsmuseum, både for å sikre og gjere tilgjengeleg denne samlinga.
Bondal bygdetun er dermed ikkje eit bygdetun i vanleg forstand, med gamle hus samla på ein ny plass. Her har vi derimot eit heilskapleg tradisjonelt tun i dagleg bruk, med bustadhus og mange bygningar som høyrer til på ein gammal fjellgard.
For publikum har ein først og fremst sjølve musèumsbygget som er plassert i gangavstand frå gardstunet.

Det som elles særmerker anlegget er at det i stor grad er kvardagslivet som er dokumentert. Vi finn ikkje dei store klenodiene i norsk bygdekultur, derimot tusenvis av små og store gjenstandar som var ein del av tilværet for norske bygdefolk i fleire hundre år.

I gardsmusèet finn du:

 

Jakt- og fiskereidskap
Hesteutstyr og -reidskap
Handverksreidskap
Smieutstyr

Utstyr til hushaldning
Holkar og skrin
Møblar

Kister og rondar
Sølv og bunader
"Snurrepiperier"
mv.

© 2006
 Stiftelsen Bondal bygdetun,
3697 TUDDAL
Webredaktør