Filmen om Bondal bygdetun 

Den eineståande samlinga av bruksting og anna frå fjellgrenda i Øvre Telemark,
er nå tilgjengeleg på film (DVD og VHS) 

Smaksprøver frå filmen:   Innleiing   "Jenta på Lauvøya"   Omvisning  (For breidband - kan ta litt tid)

 
På filmen leier Øystein Bondal oss gjennom samlinga og demonstrerer og fortel om mange av gjenstandane.  Alt blir sett i sin rette sammanheng og Øysteins forteljemåte er som mange kjenner frå før, førsteklasses både i innhald og ikkje minst når det gjeld språk/dialekt.

Utsyr til alt frå kvardagsslitet til fritid og fest blir presentert for Turid Nøkleby, Anne Hytta, Thor Tveiten og Øystein Aasen. som i roller som besøkande bidrar til å få fram kunnskap som for dei fleste er gløymt i dag.

Torkjell Sletta tar seg av presentasjonen av folkedrakter, sølv, kister og rosemåling.

På filmen er det også innslag med hardingfelemusikk. Anne Hytta frå nabobygda Sauland, spelar slåttar som er knytt til Bondal og Tuddal.


Arbeidet med å lage ein film om dei store samlingane til Øystein Bondal (Suigard i Nord-Bondal) gjekk føre seg i det stille i ca 1,5 år, (2002-2003) Resultatet er ein film på over fire timar, i perfekt, moderne teknisk kvalitet.

Nå vil nok dei færraste kome til å sjå denne filmen i sin fulle samanheng særleg ofte. Dette er rett og slett eit oppslagsverk. Filmen er inndelt i tema, og ein meny på starten, gjer at ein kan hoppe til det temaet ein til kvar tid er interessert i å sjå.
Filmen er produsert av Seaside Studio, eit firma som har hatt andre oppdrag i Tuddal tidlegare.

Filmen er å få som vanleg videokassett (VHS). Men DVD-utgaven vil nok vere meir praktisk når det gjeld å finne fort fram på ein så lang film.

Til salgs på musèet hos Øystein Bondal, I Hjartdal og Gransherad sparebank, lokale butikkar og i bokhandlar på Notodden

Speletid: ca 4 timar   -   Pris: DVD:  300,-   VHS:  300,-


Filmen er finansiert av:
Stiftelsen Bondal bygdetun, Lars Slaattun, Hjartdal historielag, Hjartdal mållag, Hjartdal kommune